fredag 29. februar 2008

Takk og pris for seine kveldar...

Eg er ein notorisk natteranglar. Eg elskar seine kveldar, når alle søv og det er stille.. Eller eg sit og sløvar i sofaen og ser på ein middelmådig serie-eller ein gammal B-film frå Hollywood eller deromkring. Då ladar eg batteria. Det er fantastisk å få lov å vera mor til fem ungar, men det er hektisk til tider og.
No for tida, er det 12 åringen og 2 åringen (jentene mine) som krev mest..
Å vera mor til ei tolv år gammal jente krev ein god porsjon tolmod, og litt sjølvtillit.. Eg er bra teit for tida, for å sei det forsiktigt...
2 åringen har det berre innmari travelt, og det fører til at mamma har det travelt og.. I morgon skal me kjøpa nye støvlar, berre mamma og vetlo på handling. Det er sjelden kost..
Eg måtte le av vetlo i dag, ho hadde ein nylagt bæsj i bleia, og før me fekk fjerna uhumskheitene, traska ho rundt i stova mens ho sa. "oh my ass, oh my ass.."
Trur det har vore ein kjekk 9 år gammal storebror ute med eit intensivt språkkurs..
Sånn går det, når ein ikkje har auge og øyrer overalt!

Registrerte at eg har fått min fyrste kommentar!! JIPPI! Og tusen takk for den:)

1 kommentar:

Noralill sa...

Hei, igjen! Så kjekt å lese litt om kvardagen din. Eg må seie at eg vel ikkje kan kalle meg natteranglar, sjølv om eg endeleg likar seine kveldar, men då i godt selskap (slik at eg ikkje sovnar)...men så har me ei lita som vekker oss med eit nydeleg smil i 06-tida kvar morgon då...måtte le då eg las om den vetle skjønne 2-åringen din...hi hi dei er no gode då...