torsdag 21. februar 2008

Kansje snart....?

Er det vår??
Tenk om så var tilfelle...
Eg var ute og gjekk med fire av fem ungar i dag, på tørre vegar, og med sola i fjeset - fekk eg nesten følelsen av vår!! Det er nesten den beste følelsen eg veit..
Eg kan nesten kjenne lukta av solvarma bakkar, med ein liten "snert" i seg..
Lukta av nytint mold, synet av krokus som dukkar opp på dei merkelegaste stader..
Åh det skal bli godt når den dagen vert ein realitet.

Inntil vidare er det berre vegen som er tørr her i grenda.. Hovedvegen vel å merka..
Takk vere ein venleg nabo med strømaskin, let det seg gjera å bevega seg i tunet og vegen min.. og bakkane er framleis dekka av snø. Faktisk oppdaga eg at det kvite får påfyll og i kveld..
Jadå, meir snø. Flott.
Ikkje får eg sjå månen sin totale formørking heller i kveld. Like greit, sidan dagen min byrjar ti over sju...
Hm ja. Trur eg må ta til vet å leggja meg..
Det trur eg er lurt ja. Flink jenta.

1 kommentar:

Noralill sa...

Heisann! Der var du! Og dette har du ikkje sagt til meg...ja ja kjekt å finna deg her inne. Skal verta spennande å lese meir om deg og ditt... Ha ei kjempefin helg!Håpar det er greit at eg legg deg i bloggrollen min??