onsdag 9. november 2011

Trist..

Denne sommaren har vore usedvanlig kort, ekstra våt - og mest trist.
Så vandra me inn i hausten, som har vore uvanleg lang - og trist.
Trist for bestemora mi døydde.
Visst var ho gammal og sjuk. Det var ikkje uventa - men trist likevel.
Kan hende mest trist for eg hadde så mykje å spyrje henne om, så uendeleg mykje eg skulle ha visst.
No er det for seint, så slik vart det..

Så har me krangla.
Me tre som ikkje skulle hatt noko verdens ting å krangla om.
Me som skal kunna snakka om alt, utan å dømma - utan å måtta gjera oss til.
Vera verken verre eller betre enn den andre.

Likevel - ord som vert sagt som kan kjennast alt for store til å viska vekk att.
Men er det ikkje berre ord?
Kjenslene kjenner me, og dei vert ikkje borte - vert dei?

Lat oss viska tristheiten bort, når alt vert kvitt er det vel ei tid å byrja med blanke ark?

1 kommentar:

Med kjæleik til livet sa...

Heisan i natta ...

kor trist at du har krangla ... ikkje veit eg med kven - men eg håper du finner at roen din, dei gode tanker - den gode følelsen ...


eg er på jakt etter mine gode tanker - for eg har også mista - krangla og ikkje er heilt ening med ein burde stå meg veldig nær..
men eg har verdens beste mann som er der for meg - og det hjelper ..

og eg håper du også har noen som står deg veldig nær - som er der for deg

monikaklemma