tirsdag 2. november 2010

Vintermånad..

Tusen takk for alle gode attendemeldingar frå dykk:)
Det er kjempe å få litt god feedback når ein kjenner at hovudet er litt tomt, og det einaste ein eigentleg har å skriva om, er regnet som pøsar ned utom glaset..

Bortsett frå igår då, då skein sola på meg, og eg måtte ut med kameraet som har dukka opp att, og knipsa litt:)
Då oppdaga eg, at klematisen min står i full blom. I november. Sprøtt?



Mange stader har eg lest at midt på dagen er den minst spanande tida å ta bilete på,
men eg likar at fargane vert klare, skuggespelet ein kan fanga i trekrunene - og den elektriske blåfargen på himmelkvelven.
Eg tykkjer at ein aldri kan gjenskapa naturen sine fargar på ein palett.

Eg bur på ein vakker stad.
Rundt huset i dalen er det kort veg til naturen - og til stillheiten.
Berre eg ser ut kjøkkenglaset mitt så er den der.
Eg kjenner meg heldig!

Ha ei fargerik veke, hugs å sjå deg rundt!

2 kommentarer:

Patina-H sa...

So flott at det framleis blømer i hagen :) Og ja, det er fint rundt oss, når me berre tek oss tida til og kikka oss rundt ;)
God helg til deg og dine !

mali-mo sa...

Håper du har en fin adventstid ;)