lørdag 30. oktober 2010


Det slo meg her ein dag. Korleis folk er, og korleis folk tilsynelatande er. Og - kan hende korleis folk vil framstå.
For meg som jobbar i "uniform", og eigentleg har gjort det i mange år, er det rart korleis ein vert kjend med nye menneske - kollegaer.
Eg er blant dei som har opplevd å ikkje kjenna att ein nær kollega i "sivil"..
Hugsar de reklamen ifrå symjehallen?
Frik møter soss?

Sjølv har ein jo lyst å visa litt att i kvardagen, med vekslande hell..
Tykkjer det er kjempevanskeleg å finna ein stil som passar, ein sveis - eller berre det å sminka seg litt fresht er ikkje berre berre.
Det burde det jo eigentleg vere, når ein har sminka seg lenger enn ein ikkje har gjort det.
På jobb satsar eg på glatte øyredobbar. Ikkje så store, men som viser litt likavel:)

Det som verkeleg fekk meg til å tenkja på desse greiene var banalt nok ein liten
motorsykkelgjeng.
Riktignok utan motorsyklar, men med ølflasker - sikkert på veg frå eit forspill.
Korleis oppfører dei seg?
Slengjer dei av seg bootsa - eller set dei skoa fint ifrå seg.
Har dei knaggar skrudd i veggen med ekstra lange skruer slik at dei trygt held oppe eit par tre lærjakker?
Hender det at nokon tar feil boots på att?
Og ein må vera att heime med for små sko?

Uansett såg det ut som ein triveleg gjeng, dei klemte og lo, både karar og kvinnfolk,
og slike ting er jo alltid greit å sjå :)

God helg!





3 kommentarer:

mali-mo sa...

Kjekt å "se" deg igjen her inne ;)

Tove sa...

Det er av og til vanskeleg å kome i gong når ein har hatt ei bloggpause, ja... Kva i alle dagar skal ein skrive om???

For å hjelpe deg litt på veg vil eg kome med nokre aldri så små tips til deg. Du kan t.d. ha blogginnlegg om:

* legg ut ei oppskrift på noko godt du har laga
* Fortel om favorittduppeditten din på kjøkkenet
* fordelar og ulemper ved å bu landleg og flott i vakraste delen av landet
* kva kosar du deg med innandørs i mørketida
* ei bokanbefaling eller blogganbefaling
* blogg om favorittromet ditt i huset
* vis oss favorittplassen din utandørs

...og mykje, mykje meir!!! Vi vil gjerne ha fleire innlegg frå deg, forstår du!!!

PS! Det var forresten eit artig innlegg du hadde skrive her!!!

Mvh Tove

MODERN COUNTRY sa...

Du skriver så godt! Jeg ble sittende og lese innlegg etter innlegg. Jeg føler så sterkt at du ser det som sees skal, og føles det som føles skal. De små tingene i livet som er viktige men som mange glemmer.

Ha en herlig høst,

Varm hilsen
Aina