Det kan vera strevsamt å blogge, iallefall når hovudet kjennes ganske tomt, batteriet på kamera er flatt, alle tingene ein eig, eigentleg ikkje er noko fine, og nye "prosjekt" går så uendeleg sakte..
Ting og tang står i kø, men ute skin sola, og det fører jo ikkje nett til at motivasjonen blomstrar. Inne er eg likevel, med to små som og har litt flatt batteri.
Etter eit par feberdagar og netter, er det ikkje so fela fart i smågutta.
Derimot er det fire små firbeinte rundt føtene mine, som held god fart..
Me fekk oss kaniner i vår, og som seg hør og bør, vart to til seks (grådig vanskeleg å skille kjønnet til kaniner, iallefall før ein finn ut av det..), men så vart seks til fem.
Typisk nok var det kaninmor som tok seg ein nattleg rusletur, og sannsynlegvis
enda opp som revesnacks..
Att i buret låg fire små, på berre to veker, med nyopna auger og mjuk fin pels.
Då prøver ein å hjelpa, og brått vart eg mor til hmm ni.
Og dei veks, og et, og får kattemjølk med pipette.
Fire fem gonger for dagen.
Jammen godt eg er ei tolmodig sjel.
Så får me sjå kor det går med dei..
Eg har planar om å lage eit jenterom til lille prinsesseskjora som snart er fem år.
Men eg tykkjer å få til eit kjekt barnerom er gørrvanskeleg.
Så eg har berre så vidt kome i gang med måling.
Rosalilla blir det vel. Så får resten koma litt om senn..
Bilde over her, var berre framifrå sjarmerande. Det er ført i pennen av ein herleg liten femårs gamal gut.
Tenk at å skriva kan vera så enkelt, men likavel så vanskeleg..
Nett so å blogga:)
Ha ei fin fin veke!!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar