mandag 14. juni 2010


Her er staden som skal bli vårt sommarparadis:)
Mannen min har brukt nesten kvar sommar i oppveksten sin her oppe, og no har me lyst at ein ny generasjon skal få dela opplevinga..
Pittelite, og ytterst enkelt, men akk så sjarmerande.
Her er alt ein treng, og meire til - for når alt kjem til alt - kva treng ein eigentleg..?
Utedo er her, vatn i groa like ved.
Luft og lyng..
Her har det vore stølsdrift i uminnelege tider.
Merkeleg nok, sprang mi eiga oldemor på berre føter her oppe - i 'sommarsamdrift' med nabogarden som mannen min kjem ifrå.. (Ikkje noko innavl om du lurar:))
Ifjor var det diverre eit opphald, etter ein mur raste under stølshuset, men no skal det ordnast, både utom og innomhus, og eg skal ha med meg ungaflokken og eit par tre kyr til fjells.
Me mjølkar med maskin, med hjelp av eit aggregat,
men separatoren sveivar me for hand, og fløyten vert sett i innselet til surning.
Etter ei stund skal den kinnast til smør, som så skal vaskast og saltast.
Ein mentor måå eg nok konferera med, for at dette skal gå ihop,
og det har eg heldigvis i tanta til mannen min:)
Mjelkekaker skal me laga ofte, så ta deg ein tur;)


Mens eg ventar på alt som skal gå ihop, kan eg jo satsa på at detta 'visdomsordet'
skal nå igjennom hjå storajento/fjortisen min, så ho vil vera med og..
Og så må du nyta dagane dine..
For livet er no - og ingen er som deg:)

3 kommentarer:

mali-mo sa...

Så kjekt det høres ut! Helt sikker på at ungdommen også ser tilbake om noen år med mange gode sommerminner herfra. Mitt sommerparadis er også uten vann og strøm, men med god tid til hverandre og deilige rolige dager der klokker ikke betyr noenting.

Håper dere får mange flotte dager her i sommer!

Hvit Villa sa...

Åhh, så heldige! For en drøm! Her kommer mange gode minner til å skapes, det er jeg sikker på! Nyyydelig.

Anonym sa...

Ja, sannsynligvis sa det er