onsdag 6. januar 2010

Alt har ein ende..

...Unnateke pølsa.. den har to..
Dårleg spøk eigentleg, men akk så sant..
Jula får vera her nokon dagar til tenkjer eg, så kjem vel han Knut og kastar jola ut om ei lita veke..
Innhaldet i fryseboksen min, (ironisk nok, det er 17- ute) har blitt rydda vekk og avgårde,
for i motsetning til alle andre stader, var det brått godt med varmegrader nedi den.
Gørrbale.
Mannen min skulle hjelpa meg, men kva gjer ein mann i ein sådan stund?
Jau, han nesten spyr oppi frysen!
Kvifor?
Lett blanding av bærsaft og kjøttsaft vart litt for kraftig kost, stakkar..
Pysa. Han vart klutoppvridar og byttetømmar. (om du klarar det då..)
Festleg avslutning, sant?
Jola både kom og gjekk fortare enn eg ante.
Eg var så tidleg ute med mangt og mykje, og likevel så sto eg der på tampen, med litt for mykje kvitt i auga og heftig bankande hjarte..
Eg blir så irritert på meg sjølv at eg aldri skal få til det der med planleggjing og listeskriving!
Det kan no vel ikkje vera så forbaska vanskeleg?
Ja ja, det er jo ikkje akkurat slik at eg ikkje får sjansen til å prøva igjen, sant vel?
Neste jol..

1 kommentar:

Rosa sa...

jaja, det var no endå godt at det var i -17 frysen gjekk dukken, og ikkje i +25 ;)

Flirer litt av klutvridaren, men mat kan jo verte ganske....ekkelt, når den ikkje lenger har sin vanlege form og konsistens..

Ha ein god dag!