fredag 13. november 2009

No er den tida her snart igjen..
Ventetida.
Nokon gonger er den fyllt av søt forventning, andre gonger - stress mas og kav..
Ofte ein blanding.
Eg håpar på mest av det fyrste.
Masse søtt.
Søte tankar, søte minner, søt planleggjing, søt kakedeig..
Søte ungar, klissete ungar, klissete fingrar.
I kveld er det kvitt rundt huset mitt..
Ventinga er i gang..
Når eg høyrer på musikk, så merkar eg meg nesten alltid teksten.
Eg har eit reportoar av ein anna verden lagra djupt inne i meg..
Ofte er det berre bruddstykker av ein tekst,
Nokon gonger er det ei melodilinje..
Eg har ingen praktisk nytte av dette, det er kun til husbruk.
Litt frustrerandes iblant, er det å tenkja på kva all den lagringsplassen KUNNE
ha vore brukt til..
Eg vil dela ei linje med deg i kveld, som eg alltid har sunge og framleis syng - til ungane mine..
Sleep, sleep tonight, and may your dreams be - real life..
Another thundercloud passes - rain - so let it rain, let it rain, down on me..
Drøm søtt du og, hugs at alle mørke skyer som kan koma, dei vil og etter kvart passera..
Klem:)

1 kommentar:

Patina-H sa...

Fine ord og fine bilder ! :)
Ventetida er ei fin tid. Kos deg og ei god helg ! :)