torsdag 29. oktober 2009

Skal - skal ikkje..

Kanskje er det dårleg gjort, kan hende er det nokon som faktisk sit og ventar,
og muligens ser litt fram til eit lite drypp ifrå
dalstroka innafor...?
Men eg har vore tom, blank, fjern og kanskje litt travel.. aldri så lenge..
Og no veit eg ikkje heilt, veit ikkje om det er eit blaff, eller om skrivelysten er attende..
Bilder bør ein jo og ha, men ikkje nett i kveld fann eg ut..
Har endra litt på fargane på sida mi, så for no får det halde..
Kva er på gang kan ein spyrje seg i desse førjulstider?
Me har eit rimelig ferskt kragebeinsbrot på firaåringen vår, arm i fatle og trist leppa.
Ho ramla ned frå ein stol i barnehagen, og gjekk tappert med brotet frå onsdag til måndag
før det gjekk opp for oss kor gale det var..
Verdens verste mamma kjende eg meg som då. Fy flate.
Det vart nokon timar eg kjempa godt med gråten før me kom til på akuttmottaket..
Men jento? Stort sett blid som ei sol, og med eit rimeleg bra aktivitetsnivå, og heldigvis -
minimalt med smerter.
To små litt snørrete toåringar, full fart, høgt og lågt, finn det utrulegaste, når tak i det umulegaste!
Ein pratar mindre, ein pratar meir.
Stort sett gode kompisar, iallefall om dei er på pøbelferd, og det er jo mykje det dei driv med:)
Tiåringen er guten min som ramlar litt imellom, han er utegut og likar seg godt for seg sjølv,
han likar då ikkje lekser, skulen, leggetid, tannpuss og kles-skift.
Dette fører til masse mas, kjeft, lokking og truing.
Me jobbar kvar dag med å bli einige, og eg trur me snart er i mål.
Det er ikkje lett å vere både stor og liten på ein gong..
Og ikkje lett for mamma å alltid hugse det.
Det må bli eit mantra for meg trur eg.
Stor og liten stor og liten...
Storesyster.
Aller størst av alle.
Er flink og ansvarleg - iblant.
Er det ikkje - iblant.
Er iallefall blitt tenåring og ungdomsskulelev med begge beina midt uti.
Vil vere stor, vaksen, sjølvstendig, sjølvsagt.
Og iblant ikkje.
Godt å bli passa på, stellt om, få trøyst.
Og Grenser.
Eg er verdens aller aller strengaste mamma. Heldigvis..
Prosjekt?
Alltid.
Mange mange mange.
Skal laga til eige rom til storebror.
Kanskje nokon undervegs bilder kjem?
Må bli undervegs, for me er jo alt begynt:)
Har innmari lyst å mala kjøkkenveggen, golvet treng ein oppfrisking, det same gjer stoveveggen..
Får sjå kva eg røkk, og gidd..
Eg har kanskje ein lei tendens til å starta på litt feil plass, med litt snål prioritering.
Men det lagar seg nok.
Så får eg sjå då, om eg kjem att:)

2 kommentarer:

Rosa sa...

kjenner meg så godt at i mykje av det du skriv, sjølv om eg verken har så mange eller så store ungar som deg. Ei jente på fem er òg liten og stor, og eg trur eg skal adoptere mantraet ditt. travel toåring veit eg òg litt om, og tru meg - dei treng ikkje vere to for å vere på pøbelferd!

Stakkar 4-åring med armen i fatle - godt at ho ikkje har store smerter, og held humøret oppe.

Lukke til med prosjekta!

Anonym sa...

Hei
jeg håper du dukker opp titt og ofte!
Du skrivr så bra, og jeg kjenner meg igjen..
Haz selv 3 tenåringsgutter i huset. det er ikke alltid like lett..
Livet er faser tror jeg, og vi må innse at vi må prioritere..
Trenger litt inspirasjon til oppussing, så kjør på:)