onsdag 2. september 2009

Den tida...

Den tida, den tida, ho fyk forbi..
Hausten er berre sånn.
Rutinane frå forrige skuleår er vips borte vekk, å få ungar opp om morgonen, eller meg sjølv for den sin del - er eit kav og ork..
Alt av fritidsaktivitetar er eit heftig kaos, iallefall når nokon av dei skjer sånn omtrent når nokon andre burde vore på god veg i seng..
To bursdagar - eller eigentleg tre er under oppseiling.
Litt av ein måte å effektivisera på med to på same dag..
Stakkars smågutane, eg trur dei lyt få kvar sin etter kvart - eller iallefall to kaker med lys:)
Når slike tider råder i heimen, er det berre å bretta opp armane, og prøva å hengja med i svingane, og vera glad me har innlagt straum og vaskemaskin, sant?
Rydda og ordna gjer me så godt me kan, og kanskje føler ein at ein slett ikkje strøkk til -
når potetene kokar over, smågutane skrik, vetla storasysto tergar, storebror ikkje vil gjera lekser og storesyster - plystrar..
Då er det av og til best å berre gå ut på altanen litt.
Keep calm and carry on.
Me slepp iallefall å tømma nattpotter:)
Og så er det litt meir legitimt å spenna beina opp å kosa seg når kveldane vert lange..
Det må me alle hugsa på å gjera!
Så får det heller vera om dagens (og gårsdagens) post rasar ned på golvet i same augneblinken;)
Og sånn går no dagane..
Og dei dagane, det er faktisk livet det..
Ha ei fortsatt fin veke:)




3 kommentarer:

Rosa sa...

Travelt, ja....eg syns òg det er litt heseblesande for tida, og eg har berre to små, der kun den eine skal noko på ettermiddagen. Men dagar og ikkje minst kveldar renn vekk så fort at eg ikkje får sukk for meg!

Lukke til med bursdagsfeiringar og alt det andre som får tida til å gå!

Patina-H sa...

So sant so sant ;) Du skriv det so godt :) Alt går seg liksom litt meir til utover hausten... ;) Lykke til !

Anne sa...

Så fin blogg du har! Hit kjem eg att:)
Fine ord om hausten og rutinar:) Er ikkje lett å rekke over alt!
Klem Anne:)