søndag 25. januar 2009

Tida framover er ei spanande tid.
Skifte i årstid er noko eg alltid går og ventar på.
Kvar gong det kjem, så kjem det på sin heilt eigen måte..
Nokon gonger umerkeleg, nokon gonger brått.
Som oftast blir me lurt, kanskje fleire gonger, før det skjer.
Snjoen ligg tjukk og kvit rundt huset i dalen, vegane er glatte og vinden bit i kjakane.
Men likevel..
På syrintreet i hagen, der er det løfter om ei heilt anna tid:)

2 kommentarer:

Rosa sa...

skal sei syrinen er tidleg ute hjå deg! Eg nyt endå at eg i myrke kveldar kan kose meg med hobbyar og blogging. Våren kan godt vente ei stund til, men sjølvsagt ikkje _for_ lenge!

KJekt å sjå eit glimt av mor òg :)

Ha ei god ny veke i vente

Noralill sa...

Hei på deg. Lenge sidan no... Ser det blomstrar snart i dalen hjå deg! Her er det godt skiføre og snø me går å ventar på...