onsdag 1. oktober 2008

Nok eit år...

Nok eit år går forbi, smågutane har runda året, alle dei andre og - for den sin del..
Og vinteren er alt byrja å dryssa melis på toppane.
På eit vis, er det no ein vert litt melankolsk, for det er no alt sluttar og byrjar på same tid - tykkjer eg iallefall..
Korleis?
Lauva fell av trea, fuglane syng ikkje, piggsvinet finn seg snart ei tue å kvila under, vinteren igjennom.. Blant anna. Det skjer jo tusenvis av andre små førebuingar og rundt oss, i naturen, som det slett ikkje er så lett å leggja merke til.
Men det skjer..
Samstundes, så kan me hausta, nærast ausa av naturen sin overflod. Dei som er flittige har plukka bær, dei som er verkeleg ivrige har kansje plukka nøter..?
Det går an. Samla dei på ein mørk og turr plass, og knekkja dei til jol..
Me har hausta kål, og løk, og neper. Potene står for tur, men raudbetane skal få stå litt til..
Grunnlaget for året som kjem, skal og på eit vis leggjast no.
Kven av sauene får eit år til på sidebeinet, og kven må bøta med livet?
Me tek imot kalvar, og legg inn nye - eller ikkje?
Men borna skal berre veksa, og ikkje tenkje på slikt.
Tenk å ha vore i verda nett eit år. Alt er nytt, men likevel kjent..
Tenk å sei om eit born at det ikkje skjønar. Korleis kan det ikkje skjøna?
Tenk å bli kasta ut i verda, slik born blir, og veta med ein gong - kor det er trygt og godt, kor det er mat å finna, og kva lydar som skal til for å få nett det dei treng..
Og så, på eit lite år, så har dei utvikla seg så fantastisk utruleg mykje!
Og visst skjønar dei...
Når dei blir tre år, då skrønar dei.
Vetlo mi kom så kjekt springande - mamma da e spøkelse i gangen - men da e berre eit lite søtt ei also - blei du redd mamma? -
No veit vetlo mi, for sikkerheits skuld, at spøkelser er fryktelig redde når det er heilt lyst, heilt mørkt, eller om det er ei eller anna mamma tilstades..
-Ja men mamma, når dei har laken på, då e dei skummle!-
Natta:)

7 kommentarer:

Blåbærpai sa...

ja, tenk! No er veslegutene eitt heilt år! Hipp hurra for dei!Du veit, dei er fødde på min gebursdag so dei kjem eg nok til å sjenke ein tanke kvart år!;-)
Eg kosar meg når eg les her hjå deg, du skriv så lurt ,og i eit driv som går frå det eine til det andre! ARTIGT!

NIB sa...

hei hei! ser du vil legge deg til på nib - da må du også velge en roll:) hjertelig velkomen!

Rosa sa...

Tillukke med ikkje mindre enn TO eittåringar! At spøkelse er skumle er det forresten ingen som helst tvil om. Awardar, derimot - er ikkje skumle. Det ligg ein til deg hjå meg ;)

God helg!

Blåbærpai sa...

Og eg har ein ting til deg inne hjå meg! Come and get it!

Tove sa...

Kor kjekt å finne bloggen din! Til liks med deg bur eg under høge fjell på Vestlandet og trivast på det vesle småbruket vårt! Legg deg til bloggrullen min slik at eg finn tilbake til deg!

Lykkehuset sa...

lkomme til NIB! Koselig blogg da:)

Anonym sa...

Nydeleg blogg!
Fann deg då eg var innom HAUST (Posidriv). Ha ei flott tid framover med alle dine!
mvh sig