lørdag 27. september 2008

Travle tider...

Hausten er over oss, kveldane er lange og mørke, og vinden uler rundt hushjørna..
Foreldremøta står i lange køar, barnehagen og skulen.
Det er dugnadstid, det må me jo stilla på...
Og storesyster har intensivtrening for å kvitta seg med tannlegeskrekk..
(10 mil å køyra, kvar veg..)
Samstundes så er minstemann på sin TREDJE pencillinkur, grunna øyrebetennelse, og det likar eg slett ikkje!
Tydelegvis var det berre den eine tvillingen som fekk immunforsvar mot øyreverk, for han har ikkje hatt noko slag.. Godt er jo det, men eg har liksom innbildt meg, at når ein er einegga tvilling, så vil iallefall sjukdomsforsvaret vera ganske likt?
Kven veit. Det er vel tusen faktorar som spelar inn..

Kyrene har blitt samla ihop sånn nokonlunde, og no skal dei få kosa seg ute så lenge det er plussgrader på nattestid, eller til dei byrjar å rive ned gjerdet og ta avgårde.. Me får sjå kva som kjem fyrst.. Det er typisk frå no og utover, at kyrene slett ikkje vil vera ute lenger. Dei synst det er godt å koma i hus, sjølv om dei står med halsband på båsfjøs. Når ein tar dei inn, så går dei ofte på den vante plassen sin, og stiller seg opp. Forvogna går døgnet rundt, og madrasser å liggja på har dei alle. Småkalvane får gå lause og forsyna seg med mjølk av automat, og ungbeistene spring ut og inn som dei vil.

Lambi og Lotta (alelamma våre), går og ut og inn av floren. Ser dei ei open dør, kjem dei rett som det er spankulerande på tunet. Eg veit ikkje om eg er einig i at sauar er dumme dyr lenger.. Her i bygda er det forresten "Smalahoveslepp" i helga..

Det er ikkje slik at Vossingar går rundt og meskar seg med smalahove heile året. Her i huset, kjem me vel til å eta det ein par tre gonger mot jol, og så er det slutt. Siste sundagen før jol, kallar me for "skoltasundag", det er den siste dagen i året ein har "lov" å eta smalahove. Då skulle det vera tomt, fram til slaktesesongen kom att i september/oktober..

Eg synst det er ein grei regel, for eg er ikkje av dei som gler meg aller mest til "haustens happening".. Då eg var liten, gret eg mine modige tårer, og nekta å sitja med same bord som barbarane som åt fjeset til sauen. Tårene trilla, og eg åt knekkebrød.. No et eg det, og det er godt, men eg et slett ikkje alt, og bør difor vera på mitt eige kjøkken under seansen.

Det er godt å finna fram tjukke strikkajakker og gode labbar, etter ein varm og fin sommar. Eg synst det er godt med detta kretsløpet som naturen har i landet vårt. "Alle" engasjerer seg i ver, i utsikter og spådommar. Rognebærtreet har sån høveleg mengd med bær i år, og då skal det vel bli sånn passe med snø? Berre ikkje endå. Helst i desember, då kan det koma. Er det berre eg, eller har det nesten vore sånn fordeling av årstidene som det var før, i år? Til rett tid og i nokonlunde rett mengd?

Kanskje blir det kvit jul i år? Eg gler meg til jul.. Alle ungane mine skal vere heime hjå meg. Familieselskapet har gått ein runde og det er min tur å varta opp i år. Alle ungane er så store at dei opplever jul som noko eige.. Julatreet får me vel skru fast i veggen så ikkje smågutane ruskar det i ende..

Uansett. No er snart alle oppstartane av skule og barnehage og klubbar og aktivitetar-gamalt nytt. Dagane blir kalde og klare. Vinden avtar (håpar eg) og me går inn i den stille snille tida. Det blir godt..

2 kommentarer:

Blåbærpai sa...

ååå, stakkars vesle guten og mammo hans! håpar penicillinen tek knekken på basseluskane no!
YNSKJER DYKK EI RETTELEG GOD HAUST!
Og smalahovè? MAI! det er IKKJE Godt!;-)

mali-mo sa...

Så fine høstbilder! Stakkars veslegutten som er sjuk, får håpe penicillinen virker no da ;/

Smalahove? Joda, eg har bodd både i Hardanger og på Voss vet du, og spist min andel. Sliter litt med å innføre tradisjonen her i heimen da, med en mann som egentlig er fra Haugesund.... ;) Heheee. Tror han syns innerst inne at det er motbydelig ;)

Travle dager hos oss også, med jobb, studier, barnehage og oppussing. Bor i pappesker og utover gulv og har picnic hver dag ;)