Utfordringa handlar om ting ein er glad i, som betyr noko for deg sjølv, som ein har dradd med seg på "ørten" flyttelass og ein ikkje har fått seg til å kaste..
Og som ein av og til kikkar på, med smil om munnen - for ein kan minnast, ja eit eller anna..
Årsaka til at den er så kjær for meg, det er at eg hugsar så inderleg vel, følelsen eg fekk, når storesystrene mine gav den til meg.. Eg følte meg så fin, og spesiell, det kjendes som om den koppen var laga akkurat til meg, og at det berre var ein av dei i heile verda! Slik kan ein tenkja, når ein er liten, men kjensla er god å ta med seg når ein blir stor!
Og eg hugsar systrene mine. Kor forventningsfulle dei sto og kika på meg, når eg opna pakka. Og kor fornøygde dei vart, når eg vart gla..
Kva er din ting og din historie?
Eg utfordrar:
Mali-mo
Blåbærpai
Haust
Noralill
Rosa Univers
(Får framleis ikkje til å linka sånn flott eg, snufs. Send den vidare til 2 stk!)
1 kommentar:
Hurra for nye utfordringar! Eg har allereie både tatt og sendt den :)
Ha ein fin haustdag!
Legg inn en kommentar