torsdag 17. juli 2008

Det er ikkje berre berre med sommar heller.. Ein går og ventar på den i to tre lange månader, så kjem den brått ein dag, og lurer oss ut i solsteiken.. Så kler me av oss, og blir litt solbrende, og så er me brått sjuke. Nesten heile hurven. Det byrjar med far, som har vore litt hissig klimanlegget i traktoren ( ja i traktoren) og får vondt i halsen og forkjølelse. Så har me lille prinsesse som eigentleg her vore forkjøla i heile vår og sommar, sånn av og på, og so får smågutane det og... Legebesøk og øyrekatarr. Så får lille prinsesse øyreverk, og det gjer den eine av smågutane og.. Midt oppi alt dette vart mor sjølv sjuk og. Då måtte me kalla inn bestemor.. Storesyster låg strekk i to døgn med feber og hovudverk..
Einaste som har gått fri heile sulamitten er storebror..
Han er for det meste ute, og har eit lite beskyttande lag av skit og lort rundt seg.. Antageligvis..
Må leggja han i blaut i badekaret før helga.

Litt leik har det no blitt, og smågutane har oppdaga gleda med vatn! Det finnst nesten ikkje noko meir kjekt enn å få plaska skikkeleg, sant vel? (Kansje ikkje rart ungane mine blir sjuke..?)

No er iallefall alle som skal medisinerast, høveleg medisinert. Penicillinkur og greier. Lille prinsesse er fullstendig klar på kva tablettar som skal i munnen og kva som skal i baken.. Så er det vel berre å krysse fingrane for at mor og far snart får ei natts søvn att snart, slik at ikkje dei tar feil..

Til Blåbærpai: All respekt til deg og det du klarar med dine fem små og litt større. Eg veit dei minste har vore mykje sjuke, og eg er bra nedpå etter berre halvanna veke.. Du er fantastisk flink! "Trøsta" er vel kosen me får, og at dei for kvar dag som går er litt større og sterkare:)

Ha ei fin og frisk helg i vente, alle som kikkar innom!


5 kommentarer:

Noralill sa...

Hei på deg, og takk for sist! Ja ein kan vel trygt seie at du har hendene fulle! Håpar de er friskare no, for no kjem sola att til Vestlandet! Og det er tid for plasking att...

Ha ei fin helg!Klem

Blåbærpai sa...

Hei på deg!
Huff, det er trasigt med sjuke born og fytti kor bale når sjølvsaste mammo vert dårleg òg!Jammen godt de har ei god Bestemor som har anledning å hjelpe dykk i kampen mot basseluskane!!
Hihi og eg håpar verkeleg de får sove snart! Ikkje noko stas med penicillin i stumpen og stikkpillara i munnen..hihihi!
Tusen takk for flott kommentar du skriv til meg!!Nett det eg trengde å lese i kveld!
Og du, du gjer no sovisst ein storarta innsats med dine fem, sjølv!
Artigt å sjå bilete av karane dine som er vortne so store!Og ei lyshåra storsyster!Søt!

Marie sa...

Håpar at alle er friske igjen no! Ikkje kjekt å bli sjuke midt på den finaste sommaren, men ganske vanleg i småbarnsfamiliar.

Ønskjer heile familien ei frisk og god helg :)

Liv sa...

Korleis er formen? Har de fått nytt litt av den gode sommaren som la seg gjestfritt over landet vårt i veka som gjekk?
Håpar det var til litt glede for dykk og, og influensa har takka for seg for denne gongen.

mali-mo sa...

Håper dere alle er friske forlengst og at dere nyter sommeren;)