tirsdag 24. juni 2008

Ekstremt fin bygd!

No er det ekstremsport for alle pengane i bygda mi. Sjølv er eg ekstremt lite ekstrem, iallefall når det gjeld den sportslege sida av meg.. Det einaste eg kan skryte på meg, er at eg er litt tøff når det gjeld bading. Eg diggar følelsen av å vera den som dukkar fyrst under, eller å vera den einaste som torer uti..
Men det høyrer vel med til skrytehistoria, at mannen min er ganske pysete under slike forhold, og det same er borna mine..
Storebror synst riktignok det er litt tøft at mammo torer, mens storajento mi-synst eg er heilt fjern..

Sykling har eg jo tidlegare nemt at det er ei stund sidan eg har gjort, så luftige svev frå mi side kjem nok ikkje med det fyrste.. Storbror her i huset derimot, slit syklar som andre slit bukser, så kansje han er den i familien som skal driva med slikt?

Forøvrigt så er det ein av dei største skrekkane mine, at ungane mine skal byrja med noko slikt som dette..

Tenk å vera den som må stå på bakken og venta på at gullklumpane skal koma trygt ned att?! Frykteleg må det vera. Og eg krysser fingrane for at eg slepp.

Når det ikkje er nokon ein kjenner, så kan det vera ganske tøft å sjå på dei ulike greinene. Vaksne mennesker som kastar seg utover stupbratte fjellsider, for så å sveva lengst mogeleg - før dei skal løysa ut den ganske beskjedne skjermen sin..

Grøss og gru.


Noko som er ganske flott med ekstremsportveko for dei som ikkje likar sport, er alle dei flotte banda som kjem og spelar.. Sundag var det opning, og Valkyrien Allstars sto på scenen.
Eg fekk det sjølvsagt ikkje med meg (Grr,Typisk), Men storajento mi, hadde sin fyrste konsertoppleving på "vaksen maner"..
Ho fekk heilt bakoversveis når dei byrja å spele, men hadde vore på nippet til å gå når ho såg det var tre hardingfeler som kom på...
Skinnet bedrar, dei spelar RÅ folkrock, og vokalisten Tuva er knalltøff..
For nokon veker sidan, fekk eg ei utfordring av mali-mo, her kjem omsider resultatet..
1. Kva gjorde du for 10 år sidan?
Då hadde eg vel omtrent nettopp fått klarheit i at nummer 2 var på veg, storajento mi var godt 2 år, slutta i jobb på eit pensjonat, og fortsette med å jobba på garden til min dåverande sambuar. Hadde kyr og hund. Livet var vel mest alvor, og lite sprell..
2.Nemn 5 ting du har/hadde på "må gjere" lista i dag?
Levera vetlejento før ni i barnehagen (dei skulle på show), vaske kle, få opp dei to store sjølv om det er sommarferie, få mat i alle fire som var att heime, lage middag til slåttekarane, levere storesyster til korps-speling i sentrum, handla litt, få storesyster med heim att frå sentrum sjølv om ho traff kjærasten, hente vetlesyster i barnehagen.. Uff, berre fem ting? Det hadde vore luksus om lista var så kort..
3. Snacks eg likar?
Diverre det meste, og helst kvar dag.. Melkesjokolade frå freia er vel ein sikker vinnar.. Det kjøper mannen min til meg når han har vore til utlandet. Mykje betre enn alt anna..
4. Ting eg ville gjera som millionær/milliardær?
Nøyaktig det eg hadde lyst til, når eg hadde lyst til det..
Både for min eigen, familien og andres del..
5. Stader eg har budd?
Iei pittelita fabrikkbygd som heiter Ålvik, der eg trur samtlege fedre var ansatt på fabrikken, og omtrent alle mødrene var heimeverande.. Der budde me i firemannsbolig. Noko som høyres heilt vanvittigt ut for ungane. ("Hadde de ikkje do? Berre i kjellaren? Som de delte med alle dei andre i huset? ÆÆÆSJ!!)
Og på Voss, som er heimbygda mi, som eg har bytta litt på kva ende eg har plassert meg i..
Det var det eg hadde i denne omgangen..
Verkeleg ei spennande kvinne, sant vel?
(Ekstreme bilete har eg lånt frå Voss now, ei oppkome av bilete frå bygda mi, alle tatt av S. Ulvund)

3 kommentarer:

mali-mo sa...

Spennende nok! Var koselig å lese litt om deg.

Livet i Ålvik og på Voss kan nok by på spenning i massevis vil eg tro, iallfall etter det eg har hørt (har to venninner fra Ålvik og har sjøl bodd på Voss). Såg ut til å være mer enn nok spenning på ekstremsportveko, har ikkje vært og sett på det arrangementet enno eg, men det blir nok en tid til det og en gang...

Her skinner akkurat solen litt så eg tenkte å hive meg ut og male ferdig på sandkassen til minimalien min. Ha en fin kveld!

Liv sa...

Eg er ikkje så skrekkeleg ekstrem eg heller, men det kan vere kjkt å sjå på dei som vågar slike stunt. Kan jo blunde når det blir for nifst:-)

Her på mine kantar er livet akkurat labert nok til at det ikkje tek av. Så me tek oss nokre turar innover Lysefjorden avogtil, der er iallefall natuen dramatisk....

Ha fortsatt gode dagar, kjekt du var innom verdsveven att, eg har venta på deg.....

Rosa sa...

Så du held til i den ekstreme bygda?!

Er einig med deg - håpar ein slepp å sjå ungane kaste seg ut frå høge fjell med ein liten sekk på ryggen - HUFF!