onsdag 5. mars 2008

Madonnaen min...


Her er den fine vesle madonnaen min, i solskinnet i går..
Hadde skrive eit kjempelangt innlegg med fleire bilder som berre vart borte vekk for meg..(dvs eg trykkte på ein knott) Så no blei eg litt oppgitt. Kan jo ikkje gje meg heller, for eg hadde liksom tenkt å leggja ut noko i kveld. Kansje like greit eg ikkje fekk det til, for alt blei aldeles bakvendt og..
Typisk meg..
Er ikkje denne vesle dama yndig? Oj, no ser eg kor grådig knallblå vasen min er.
Eg har aldeles ikkje noko knallblått hus!
Ville berre nemna det.
Det er ein kjeramikkvase, laga av ein lokal kunsthandverkar - som har ein hang til knallblått.
Det er faktisk ein av tinga mannen min hadde med inn i buet vårt, som eg føler meg litt forplikta til iblant å bruka. Grunnen til det er at eg har bestemt bortimot alt av innreiing i huset vårt, og det er han litt lei seg for, (berre pittelitt - han trivst also..) og så var eg så teit at han fekk oppfylt det einaste ønsket han hadde (fy, no verkar eg som den hurpa) nemleg eit enormt kjøkkenbord i ein slags laminert bjørk. Det er to og ein halv meter langt, tre med plate, og umuleg å finna duk til - utanom kjempedyre. (Berre dei som er fine..) Umuleg å mala er det og, iallefall har eg møtt sterk motstand når eg har foreslått det.. Me kan ikkje ha alt kvitt, seier mannen min. Men det kan ein vel..?

Ingen kommentarer: