søndag 2. mars 2008

As time goes by...

Det er jammen ikkje berre berre å bli eldre..
Eg har kome fram til den heller lite kjekke erkjennelsen av at eg ikkje lenger er nokon ungsau. Det å rangla til tidleg morgon, er slett ikkje like morsomt som før.
Eg kjenner det verker i kropp og i sjel, hovudet dunkar (og det utan ein drope alkohol å skulda på) og augo kjennes ut som sandpapir... Ein treng minst to dagar barnefri for å koma ovenpå igjen, og det er ikkje noko som ein får - sånn utan videre... Til vanleg er ikkje det noko eg ynskjer meg, for all del, men eg er så trøytt!!

Eg har fått henta dei to eldste hjå faren sin i kveld, og det er alltid godt å ha ungeflokken sin fulltallig igjen. Alle fem under eit tak.. 2-åringen er i seng og hyler og vil stå opp att, pappen er med og er truleg gått inn i eit iherdig meklingsforsøk. Storebror og storesyster har ei lita ledig stund å dulla med småbrorane før det er dusj og køys for dei og. Så vert me vel alle sånn nokonlunde klare for ei ny veke..

Eg fekk pakka i posten frå "Annas Rom" i går, eg har omsider fått min eigen vesle madonna figur! Det har eg tenkt at eg skulle kjøpe ei stund, så no har eg laga eit lite stilleben, bokstavelig talt, på kjøkkenbordet mitt. Synst det blei fint eg, Skal prøva å legga ut eit bilde av det.. Synst det er ein sånn heilt eigen ro over desse små figurane. Godt å kvila augene på liksom..

Ha ein fin kveld:)

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei. Kjekt å kikka innom deg. Du er flink å skriva, kjekt å lesa..Her kan eg fylgja med på kva de driv med..Natteranglinga har me vel felles..Sikkert fin figur du har fått deg, gledar meg til å sjå den. Ha ein fin dag. I dag skin sola her i vest. Helsa alle dine skjønne små og litt større!! Klem