torsdag 12. desember 2013



Sjølv om det nermar seg jol, vart det berre naturlege grantre å syna fram..
Det blir vel tilstrekkeleg med glitter og stas på alle kantar:)
Eg prøver å styre meg i år.
I fjor, skreiv eg eit lite notat i boka mi.
"Til lags åt alle kan ingen gjera. Ro deg ned!"
Det skal eg gjera i år og.
Roa ned.
Hjå oss blir det ikkje sju sortar, men alle skal få pakke, sjølv om oppførselen ikkje alltid er optimal.
Det får me bruka neste år å få skikk på, og heller kosa oss i adventstida, med passe høge førjulskuldrer, og kanskje litt peng att på kontoen;)
God adventstid!

1 kommentar:

Unknown sa...

Spenstig blogg du har. Jeg er imponert. Jeg skriver en del om tapet Du må fortsette ditt nydelige arbeid =)