tirsdag 1. mars 2011

Nokon gonger må ein berre - rydde, med variert musikk på øyrene - og syngje med -
gjerne høgt og falskt - med "lureengelsk" som er berre nesten rett..

Nokon gonger må ein berre - drikke kaffi - med sukker, altformykje sukker og mjølk -
berre for at det får ein til å tenkja på besto si - som ein hadde ein gong -
men som er borte.
Men som likevel lever med meg.

Andre gonger må ein berre nyta.
Venda ansiktet mot sola - trekkja pusten.
Snart vaknar våren..

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei, vart sittjande å lesa bloggen din, den er kjempeflott, har sveipa innom i full fart før og, for eg hugsar det fine profilbilete ditt, men no byrgja eg og lesa i roleg tempo og oppdaga kor bra du skriv...nydeleg !