tirsdag 4. januar 2011

Heilt nytt:)

                                       Brått var eg her att.                                       
Haust er blitt vinter, iår er blitt ifjor.
Noko er nytt, og noko er slik det alltid har vore:)
Jola kom og gjekk i ein fart, med hyggelege samkomer!
Men utan eit einaste minutt til å setja seg ned og reflektera - før no - trur eg..
Utsikten frå kjøkkenglaset mitt har vorte vel dokumentert gjennom tida eg her blogga, men eg er så glad i den, at eg nok kjem til å visa den att.
Ein blogg som heiter "Swedish House" har lenge hatt ein føljetong som ho kallar "tuesday through my window", og den hadde eg tenkt å hiva meg på litt sånn anonymt;)
Det er vel ikkje verdt å annonsera ting for mykje om eg ramlar heilt av lasset..?
Men iallefall - i dag ser det sånn ut - neste tysdag veit eg ikkje, men kan henda me finn det ut?

Til jul fekk eg speglreflekskamera av snille goe mannen min, men eg ser på bileta mine at det er ein stor omstilling..
Her har eg prøvd å ta bilete av "braokvitidl" vår.
Det er eit gammalt veva teppe som eg har vaska i vaskemaskina..
Det er veva her på garden, av handfarga heimaspunne ull, og vart vel opprinneleg
brukt som sengetøy.
Eg har henge det opp på veggen til pynt, og eg tykkjer det er ganske fint eg:)
Det får vera ein passeleg start på det nye året;)
Godt nytt år til deg som kikkar innom, får håpa det framleis er nokon!
Og om Mali-mo er innom, hurra for babygut:)
Eg har kryssa so felt på alt eg kan kryssa, at eg har vondt både her og der..
Kjem brått att<3

3 kommentarer:

Rosa sa...

Godt nytt år til deg!

Kjekt å stikka innom og lesa tankane du gjer deg om stort og smått!
Speilreflekskamera er utruleg kjekt, når ein berre får sett seg litt inn i det, og finn ut av andre ting enn "den grøne knappen".

Eg har òg utsikt gjennom kjøkken- og stovevindagutene som har vorte dokumentert om og om att, men når det er så vakkert, så MÅ ein jo berre!

Eit verkeleg klenodie av eit teppe har du òg. Kjekt å finne slike gamle saker når ein bur i gamle hus.

Ha gode vinterdagar vidare!

mali-mo sa...

Godt nytt år!

Og klart eg er innom deg! Takk for koselig hilsen, vi nikoser oss her i ammetåken, med verdens skjønneste lille pode. Nyter han så eg nesten må passe meg for å ikkje aldeles spise opp veslegutten ;)

Håper bare all kryssingen din ikkje fører til senebetennelser og muskelspenninger sånn midt på mørkeste vinteren ;) Setter pris på det iallefall!

Ønsker deg glade dager!
Klem fra meg ;)

Orlaug sa...

Hei!
Den idèen med utsikten frå kjøkkenvindauga ein gong for veka, synest eg var knakande god, har rett og slett tenkt å stjela den.
Bur i same kommunen som du, men på ein heilt anna kant......lenger vest.