mandag 7. juni 2010

Tørt..


Det er ikkje enkelt alltid.
Å vere bloggar meiner eg, tenkja på at du som kikkar innom meg, skal ha noko lite underleg eller vidunderleg å kvila augo på, ei linje eller to å smila litt av - eller irritera deg over.. Eg kan tykkja at begge deler er like moro eg:)
Men litt vet har ein no lyst at skal bli speigla i det ein krotar ned, og då vert det stundom
ja - litt tørt. Litt tomt. Og litt borte vekk.
Så får ein anda over seg, og så skriv ein litt att..





Kanhende har ein noko å formidla - fortelja, eller spita om..
Laga noko eller berre vore ein stad..
Kanhende har ein sett ein venleik ein berre må dela!
Men er det ikkje rart korleis ein kan ha lyst å dela sjølve kjensla - men ikkje staden..?
Har du ein hemmeleg stad?



Nokon gonger må ein vere åleine - tykkjer eg - for verkeleg å sjå, lukte og oppleve..
Venleiken, fargane, kjensla.
Men jammen er det kjekt å ha nokon små hender i sine og oppleva ilag og:)
Ein månad er det sidan skoen hadde melisdryss av vinter:)
Men no er sommaren over oss (nesten) og me hadde ein fin tur!
Hugs å lukte litt på sommaren du og:)
Klem!

Ingen kommentarer: