lørdag 23. januar 2010

Phu..

No har eg malt og malt, rydda og rydda og so hekla ørande lite..
Resultat?
Tja, ei hekla puta, mønster rappa frå systera mi, eit påbegynt hekla pledd,
eit heilt nytt gutarom, eit ordna jenterom..
Malingflekkar på golvet, ikkje sjølvgjort - men i høgste grad sjølvforskyldt..
(forsto det var noko på gang når mantraet mala mala mala gjentok seg frå to små knottar)
Og eigentleg litt rotete overalt.
Phu..
Og no er det helg att:)
Og kva er det med sokkar?
Kvifor kan dei ikkje læra seg å leva lukkeleg monogamt slik som folk flest?
Eg har leita og leita i sokkekassa mi, på ei desperat jakt etter par.
Nokon høver jo ilag - heldigvis..
Men likafullt, så sit eg att med den forbaska sokkekassa mi når eg er ferdig og..
Berre eit lite sidespor det der..
Måtte plukka fram nokon kvitveis frå ifjor på bilete i dag..
Kameraet er for augneblinken sakna, men det dukker vel opp att etter kvart..
Om ikkje så altfor lenge, så kan det hende eg får foreviga barneromsvidunderne mine!
God helg til deg då:)
Eg skal jammen spenna beina opp i kveld..

3 kommentarer:

Blåbærpai sa...

hei på deg! Travle tider i heimen høyrer eg, men du verda, høyres jammen ut som du får unna litt òg!
Sokke mysteriet er og blir eit mysterie.eg har nett prøvd å pare ei diger korg, men jammen er det ein diger haug med umakne attende...
God helg, snuppa!

KariL sa...

Så artig du beskriver dagen din. Jeg bare måtte trekke på smilebanden, og så godt som jeg kjente meg igjen. Enkelte ting (les sokker o.l.) bare lever sitt eget liv. Hos oss må alle pare sokkene sine, før de legger de til vask, og tenk etter at vi inførte denne regelen, har mye ordnet seg. Lykke til.

Patina-H sa...

Hei på deg ! Det ligg ein award til deg hjå oss :)