søndag 31. januar 2010


Nysnøen glitrar uskuldsrein og fin utanfor stoveveggen,
sola skin og blenkjer i time etter time,
og eg er berre byrja - litt - å venta på våren..
Imens så heklar eg.
Fy skam, skal lova eg har anna å gjere, men ein kan jo rett og slett ikkje berre rydda seg gjennom livet heller..
Nemlig.
Resultatet?
Eg er no fornøygd iallefall;)


Dette er pledda mine.
Utruleg enkle eigentleg. Tre bort og tre stavar..
Det eine vart eg ferdig med i jola, det andre i går, så det er ganske fort gjort..
Litt fargar må eg ha inn i huset no på denne tida, og brunt er jo alltid like fint inntil det meste:)


Her derimot, vart det kanskje litt "over the top", men det er noko med den der jola, eg blir litt metta av kvitt og raudt,
så då vart det slik det vart, litt vel knæsj, men artig likavel..


Dessutan var ho litt skakk og skeiv heile puta, ein sida vart litt større enn den andre,
men eg er no litt på halv åtte sjølv og, så sånn sett var den jo heilt perfekt!
No må eg lufta ein heil bunch med småtroll..
Det er bursdag for besten i ettermiddag, og det er lenge å venta det når ein er liten..
Fortsatt god helg:)

1 kommentar:

mali-mo sa...

Så fint du hekler! Har tenkt i årevis på å begynn epå et teppe, men av en eller annen grunn kommer eg aldri igang. Skal love deg at det er like bra ;) Har planlagt å jobbe meg gjennom haugenmed halvferdige prosjekter før eg begynner på noe mer ;)

God helg!