mandag 4. januar 2010

Dønn forelska!!

Noko av det beste eg veit, er å vere forelska.. Og det er eg no!
Dønn forelska:)
Det er så deilig, å bli litt svimmel av lukta, få lyst til å stryke og klemme på den utkåra heile tida..
Kjensla i kroppen - ubeskriveleg..
Vanligvis er det (heldigvis) mannen min, som får vera gjenstand for desse følelsane, men nett no, nett no er det ein liten prins som kom den aller fyrste dagen i året:)
Han er så mjuk og glatt, han luktar så ubeskrivelig godt - og han er sjølvsagt den finaste babyen på denna jord..
Ikkje min, nesten litt synd er det - men eg har oppnemt meg sjølv som reservetante..
Litt godt er det vel lov å ta i når ein trass alt faktisk er dønn forelska...?

Ingen kommentarer: