torsdag 5. februar 2009

Når ein er liten, er det berre heilt topp å vera.. Ein tenkjer ikkje over korleis maten kjem på bordet, berre den er der når ein er svolten..
Berre ein får trøst når ein er lei seg, og eit fang å sitja på og eit kinn å klemma seg mot når ein treng det.
Så skal ein bruka all energi på berre å utforska, leika, herja og læra litt iblant.
Så vert ein litt større, og det einaste ein vil er å bli stooor. Heilt stor, på ekta, så stor at ein kan bestemma absolutt alt som er råd å bestemma.
Leva livet utan grenser, og nesten utan hemningar.
Det er mange kvardagar fylt av mykje frustrasjonar-både for den som vil bestemma, og den som må bestemma...
Og så er det den størrelsen som er midt imellom.
Som ikkje heilt veit om den vil vera stor eller liten.
Det er den som koblar ut alt, og går ut i snøen og rullar seg litt..
Eg har det heile for tida.
Travelt.

Nokon gonger hadde det vore greit å ikkje vore den vaksne.
Eg har framleis mykje leik i meg.
Lurar på kva verden har å by meg, klarar ikkje å bestemma meg for kva eg vil bli når eg blir stor...?
Tenk å få vera litt uansvarlig?
Åh-trur eg går og rullar meg i snøen:)

1 kommentar:

Rosa sa...

Du skriv så godt!!
Absolutt tankar å kjenna seg att i.