onsdag 21. januar 2009

Hei igjen:)

Tida går, og både folk og dyr veks og trivs:)
Desse "tyttene" har vokse mykje sidan dei vart leverte som to små nurk i ei tønne i vår ein gong..
No er dei høveleg innlosjerte på låven, og der er det såpass friskt at ulla har fått vore på.
Når det vert mildare må dei klyppast:)
Her er dei "ferskaste" små venene våre..
Kari, Kaia og Kaisa Kasjmirgeit!
Dei bur og på låven, til dess dei er blitt godt kjende med oss, så skal dei få ut og springa på beite..
Dei er nokon sprettne frøkner, og dei er kjempegla i brød og herleg mjuke å stryka på-når dei let oss..
To til av same sorten skal me ha, og då held det for ei stund trur eg.
Me skal nytta dei til å rydda beite for busk og kratt, så det vert spanade om dei ryddar så godt som ryktet seier.. (Dei er visstnok meir altetande enn ei "vanleg" geit)

Kaldt har det vore lenge, så isen heng i tjukke lag nedover berget.
Når eg var liten, budde me like ved ei lita elv, den leika me alltid masse på så snart isen kom.
Me fann dei underlegaste figurar frosne ned i isen, forma av is..
Eg kjenner framleis suget i magen eg, om eg finn noko slikt:)
Ei fjes, eller ei skilpadde..
Men dette biletet tok eg for det glitra og gneistra så fint..



Eit stengsel, eller ein beskyttelse?
Eit gjerde kan vera så mangt.
Piggtråd på toppen for å halda dyra inne, og kanskje folket ute?
Utruleg kor ei kyr kan byksa om det er det ho vil. Lovar:)
Eg tykkjer gjerda er trygge og gode - og fine. Sant?


Hudihei. Mor sjølv. Med gullrevhue.
Vakkert:)
Kos deg!




1 kommentar:

Trollkåno sa...

Hei!
So flotte kasjmirgeiter.
Slike kan nok trengast på mang ein gard, so mykje som det veks til her og der. Me treng ikkje gå langt for å sjå det.
Spent på kor "flinke" dei blir...