onsdag 5. november 2008

Nokon har det slik..

Og andre har det sånn..
Alle byggjer me hus og heim, men du og du kor mykje forskjelligt me puttar i det!
Nokon er bevisste og sikre i smak og stil, mens andre er som meg, og blandar og puttar og tullar på.
Lenge hadde eg ikkje ein einaste blom i huset mitt. Mest fordi eg omhyggeleg hadde turka ut alle som ein, men og for eg var lei av rusk og rask og grønt og gult og gudane veit kva valørar dei hadde til sist..
No har eg gått til innkjøp av nye, og nokon trivst utruleg godt, og veks, og får tilogmed ein skvett vatn i ny og ne..
Me får sjå kor det går.
Eg er innmari glad i hyasinter og asalea til jol, men i fjor lurte eg på om eg var allergisk mot nettopp dei sortane. Julestjerne veit eg at eg ikkje toler, så den får ikkje koma inn til meg om den er aldri så fin..
Jola blir ikkje heilt det same utan, men men.
Svigermor brukar å vera snill å gje meg ei joleglede, så det er vel kanskje det eg må klara meg med i år og. Om eg får. Gjer eg sikkert.
Allergi er pyton.
Og det er ikkje kjekt å jobba med gamle folk når det nermar seg jol.
Veit du om det fins nokon gamle damer der ute utan minst tre jolestjerner i kvart rom?
Eg har enndå ikkje møtt den dama.
Verste eg har vore ute for var fjorten jolestjerner i ei stove.
Har sjeldan jobba så fort..
Her er og ein god årsak til hurtigarbeid..
Smågutane har lagt sin elsk på oppvaskmaskina.
Vert den opna så er dei på plass.
Smakar, plukkar, puttar og klatrar.
Det gjekk bra med den fortvila av dei. Eg redda han før han datt..
Hej då:)

3 kommentarer:

Lisemoren sa...

å for noen nydelige gutter du har. Heldig gris. Småbarnstiden går så fort, mine er blitt så store. Savner småbarnstiden, enda så hektisk jeg syntes det var da. Det er fælt å si det, men jeg har julestjerner overalt i julen også, enda jeg ikke er gammel. Men alle her tåler dem, gjestene og, ellers hadde jeg tatt dem ut. : ) Fine sider du har, her må jeg komme igjen.

Noralill sa...

Ser du har litt arbeid med gjengen!! Jaja, godt er det...at dei er aktive meinar eg...for det er jo sunt! Gler meg til å sjå dekan, håpar det blir snart...? Her spring eg skytteltrafikk mellom å dra vetlo ned frå bordet, eller trappa, eller kanten på sofaen, eller kjøkendisken...ja ho skubbar berre ein stol bort så kjem ho seg dit ho vil...)...og alt det andre eg må gjera ...

Kos deg! Og hels masse til resten!

Blåbærpai sa...

hahahaaa! Må flire litt av den skrekkslagne oppvaskekaren!!Godt du fekk redda han..hihihi!
Her er det også temmeleg travelt med to som skal inni og oppå ting!
Det ligg ei utfordring til deg hjå meg!