fredag 21. november 2008

I denne søte julestrid...

No er strevet i gang.
Kven skal få kva til jul, kor mykje skal ein kjøpa for, kor personleg skal ein vera, og no eit nytt dilemma. Kven skal det vera rettferdigt for...?
Rettferdigt i forhold til sum, sysken, familie eller rettferdigt i forhold til dei som faktisk ikkje har desse skit-dilemmaene som me har her på vår høge hest..
Det er ein fiffig sak som heiter rettferdig handel.
Ikkje det at eg er så "smedlande go" på slikt, men eg har prøvd å tenkja litt meir på det i det siste. Det skulle jo berre mangla?
Me bur i eit land de me er voldsomt opptekne av at ingen skal ha meir enn naboen, ingen egentlig vil betala skatt, men heller ingen vil betala for helsetenester, og me tykkjer det er på tide at tannlegen og berre tar eigenandel..
Me vil ha smarte elevar på skulane, med godt læringsmateriell, men kommunane våre vil ikkje at det skal kosta noko.
Staten vår vil ha eit blomstrande land med eit solid brutto nasjonalprodukt, men dei vil ikkje ha industri, iallefall ikkje om den forurensar..
Og kva gjer me, eg og du, no og ein månad framover? Me handlar. Som gale.
Alt me treng og ikkje treng, i haugar og kav..
Eg trur ikkje finanskrisa i verda kan øydeleggja den gode gamle norske fråtsande jola..
For all del. Eg er ingen helgen. Eg gjer det eg og. Sånn som naboen, og kansje du..
Men veit du?
Det går an å gje to små grisar, ikkje til naboen, men til nokon som treng det, som kan para dei to små grisane (som forhåpentligvis er han og ho og ikkje i slekt) og så får dei kansje fire nye grisar som dei kan selja til sommaren og få nok pengar til å sende dei fjorten borna sine på skulen..
Kven veit?
Det går an å gje ei høne eller ei geit og..
Eller me kan kjøpa rettferdig mat. Mat som er garantert at dyrkaren har fått rettferdig lønn,
den er jo der alt, rett ved sida av den maten me kjøper til vanleg. Skremmande nok til omtrent same pris. Kva er rettferdig lønn eigentleg..?
Du kan..
Visst du vil..
Eg og.

Foreløpig er idebanken ellers omtrent like tom som denne pakka ovanfor her.
Bileta har eg funne på frelsesarmeen sine sider.
Får tru at dei kan tilgje meg tjuveriet..
Søk på "rettferdige gaver" om du ikkje kjem på den perfekte gåva til den som har absolutt alt..
Der er det masse rart å spora opp..
Det var dagens bjeff frå denne kanten.
Så har eg blitt utfordra av Blåbærpai:)
5 ting eg likar..
rettferdigheit... (he he)
Sjokolade
mannen min:)
sol i fjeset
stillheit
(og ungane mine, sjølvsagt aller mest)
5 ting eg ikkje likar..
unnfallenheit
uansvarlegheit
usannheiter
at nokon har ete opp sjokoladen min
gå på ski
5 artistar/musikk eg likar..
Joan Baez
Emmelou Harris
Joni Mitchell
Madonna
Pink Floyd
5 eg vil utfordre om dei har lyst..
Mali-mo
Rosa Univers
Marie-Heimdal
Livens
Tankar frå ein kvardag
Så får me sjå kor tid eg dukkar opp att..
Superklem:)



3 kommentarer:

mali-mo sa...

Tar imot utfordringen eg, hvis eg bare ikkje glemmer den før eg har fått svar på den. Sånne awarder og utfordringer og spørsmål, de er nok bare ikke laget for en sånn som meg med store hull der andre husker ;)

Rettferdig handel ja. Det er mye som er urettferdig, og mange steder er handel så etterspurt at det er ingen som spør om den er rettferdig eller ei. Eg har fått et annet syn på både handel, penger og rettferdighet etter å ha vært i Tanzania og reist rundt og sett endel småbedrifter og cooperativer som drives nesten utelukkende ved hjelp av arbeid og uten at utbyttet hadde vært akseptabelt på "vår" side av verden...

Geiter har eg gitt vekk før, og det blir gjerne en eller to i år også, men vi har bestemt oss for gavebudsjett i familien for oss som skal feire sammen til jul. Makspris på gaver, og ikke så mye heller. Så blir det mer fokus på samvær og kos, og mindre på forbruk. Håper eg ;)

Ønsker deg god helg!

Rosa sa...

Det er sant, at me let jolehandelen gå oss til hovudet og vel så det. I år har me tenkt å gjere det litt billegare enn før, utan at eg trur eller vil det skal verte berre fjas. Har såvidt begynt å produsera litt gåver, og håpar berre tida strekk til.

og utfordringa, den tek eg på strak arm :)

God sundagsvkeld, og god veke i vente!

Marie sa...

Du skriv så godt! Her hos oss har me redusert gåvedrysset til næraste familie, altså til foreldra våre, barna våre og til kvarandre. Me gav til dei me er tante og onkel til til dei var femten år så slutta me. Kjøpehysteriet går over alle støvleskaft synest eg. Ein må vri hjernen for å tenke ut noko som kan vere kjekt å få. Rettferdig handel er ein god ting. Eg har kjøpt eindel slike varer til gåver sjølv, men eg har ikkje gitt symbolske gåver. Eg gjev heller direkte til organisasjonar, eg har fleire som gjev meir eller mindre regelmessig. Ikkje så store summar om gongen, men det blir litt i løpet av eit år.

Lurer på om eg skal ta utfordringa di :) Hmmm, du får kikke innom hos meg og sjekke om ei stund.