tirsdag 10. juni 2008

Jippi! Eg blir lest!

Her sit eg, i eit hus i ein dal, og føler meg litt spesiell.. Tenk - det er nokon som kikkar innom hjå meg! Som likar å lese om meg og mitt og mine:) Nokon kjenner eg, men det er kjempekjekt når det er nokon eg ikkje kjenner som legg att flotte helsingar! Det varmar!! Framleis kan eg ikkje på langt nær måla meg med "bloggdronningene" som har mange tusen treff på sidene sine, difor synst eg at det passa med ein liten raudkløver som symbolikk....... Den er liten og litt unnseelig, veks ofte i grøftekanten - men har ein farge og form som gjer at ein registrerar den, iallefall såvidt, i forbifarten.. Men nokon gonger er den berre så intens i fargen, at ein må stoppa og sjå på den, og kansje plukka den med seg heim..
Litt sånn vil eg vera. Stopp og plukk meg av og til:)
Har du nokon gong tenkt over at naturen lagar fargar ein ikkje klarar å gjenskapa?
Fargespelet i nordlyset, eller i ein solnedgang midtsommars?
Tenk over det ein gong du kan, for det er verdt merka seg..

Ellers så har eg kjøpt meg sykkel sidan sist.. Er den ikkje fin? Eg datt pladask for retrostilen og rosafargen - og cruiserstyret.. Den kom i posten, og eg har sjølv montert den, berre for å bevisa overfor meg sjølv og mannen min, at eg er ei sjølvstendig feministisk kvinne, som ikkje på noko vis er avhengig av ein mann for å montera noko sykkel.. Det resulterte i, at eg presterte å tippa både sykkelen og meg sjølv, når eg lettare småsveitt og frustrert skulle festa styret i rett posisjon. Både eg og sykkelen ramla, eg håpte mest at ingen såg meg... Det var det ingen som gjorde, heldigvis, og eg var letta over at sykkelen var heil, så oppdaga eg at eg sjølv ikkje var det. (Heil also.) Eg hadde laga ei "flenge" i låret mitt, på baksida, over knehasen, akkurat på ein slik plass at eg ikkje kunne ordna det sjølv. Feministsjølvstendigheitkvinna måtte ringa til mannen sin, så han kunne koma heim og plastra henne...

Er det ikkje typisk? Det byrja så bra, så gjekk det dukken grunna sjølvflåing. Det var det eg såg ut som nemlig. Litt flådd. Festli. Eigentleg burde eg vel ha sydd, men eg er stripsa, så godt som mannen min fekk det til. Hm, blei jo litt skifte i kjønnsrollene likavel då. Sjukesystermannen min.. Sykkelen hadde eg fått ihop, mannen min sjekka alle skruer og mutrar - for sikkerheits skuld.. Og tok jomfruturen med sykkelen min. Grrr.. Storebroren synst sykkelen var kjempekul, og vil låna den heile tida. Storesyster synst mor var litt gammal for ein så kul sykkel.. Takk.. Og mor sjølv? Har prøvd den ein tur, kort tur, den har berre pedalbrems, og eg berre leitar etter den som eg synst skulle vera på styret.. Neste gong eg skal prøv den, må det vera veldig flatt, og gjerne mørkt, for eg såg litt teit ut..

Her er alelammene Lambi og Knoppa. Dei bryr seg lite om sykklar, og mest om mat.. Dei bæar når dei ser oss, og kjem til gjerdet og vil ha kos..


Her er "ungdommane" våre, dei ruslar ut og inn i fjøset som det passar dei. Det er dyr som er for små til å produsera mjølk, så dei har hatt sommarferie sidan tidleg i mai.. Om ein månads tid, skal kyrene og ut. Nokon skal til seters og gjera seg feite.. Då skal me mjølka dei, og laga rømme og smør.. På setra vår, har det vore gjort nettop det, så lenge det har vore seter der.. Og det er truleg 400 år. Ikkje lett å svikta den tradisjonen..

Me har eit vakkert gammalt lafta sel (seterhus), som står oppreist av gammal vane.. Det skal det iallefall bli bilder av i løpet av sommaren..

Takk for titten!

6 kommentarer:

Noralill sa...

Hei og takk for sist...Gratulera med ny sykkel då! Den var jo fiiin! Gledar meg til å prøve den ein dag...

Rosa sa...

Det var ein utruleg kul sykkel! Sjølv om den førte til sjølvflåing og rollebytte :)

mali-mo sa...

Tusen takk for kjempesøt kommentar inne hos meg. Så kjekt at du ble glad da, husker selv at jeg fulgte spent med på antall besøk og kommentarer når bloggen var ny. Er jo litt spesielt å vise frem sine egne bilder og ord til ukjente mennesker, og så vente på hva de synes, hehe. Men etterhvert føler jeg liksom at jeg "kjenner" noen av disse jentene her i Blogglandia, selv om jeg aldri har møtt de fleste av dem. Litt rart, men koselig også. Er vel forresten ikke noe rart at du blir lest! Du har jo en kjempefin blogg og er du en rødkløver så er du jammen en fin en!

Stiiiilig sykkel! Hehe, kanskje det kan være bra å bytte litt roller innimellom, det er fort at en kan havne i de samme sporene og bare ser det samme i hverandre tror jeg. Bra med sjukepleierhjelpemann da!

Skjønner av kommentaren over her at du og Noralill bor nær hverandre? Må være en koselig bygd dette, med to så koselige blogger!

Ha en fin kveld!

Marie sa...

Hei, hei!
At eg ikkje har oppdaga deg før da? Du skriv nynorsk som meg og de har gard som oss! Så kjekt!

Nå skal eg kikke litt meir i den koselege bloggen din.

Ha det bra :)

Marie sa...

Du likar til og med å gå på basar! Me må vere tvillingsjeler me :)

Blåbærpai sa...

Jo takk, det ryktes at Sirkusprinsen min gjorde det strålandes;-)
So kjekt å verta "oppdaga"! Du er nett slik, ein raud kløver som eg vil halde fram med å plukke iframover! Og DEN sykkeln!SMASK! KJEMPE KUUUL!
Håpar du er byrja gro att..hihi