tirsdag 3. juni 2008

Ahh sommar..

Av mangel på raude jordbær med fløyte på, vart det bilete av jordbærkoppen min, som eg frakta med meg heim frå ein ferietur i Danmark..
Det blir slik, at ein pakkar med omtanke - og baktanke, slik at det er plass til masse stash heim att..
Eg veit ikkje om me får til noko lang ferietur i år, men ein liten skal me klara..
No veks og gror det i kjøkkenhagen vår.
Det viste seg at kjære mannen min, faktisk elskar å prikle og grave og plante!
Han hugsar tilogmed på å vatne!!

Er ikkje dette ein vakker liten krakk!? Eg skulle ynskja den var min, men det er den ikkje.. Svigermor er ikkje nokon tilhengar av "gammalt skrap", men når eg spurte om eg kunne få den, (ho var tenkt å kasta den) så skulle ho ha den sjølv. Artigt? Ganske..

Det høyrer med til historien, at det var bestefaren hennar sin krakk, som han hadde framfor ovnen i den gamle stova han budde i, ein gong for lenge sidan..

Men kasta den ville ho..

Denne nydelege stolen var ho og tenkt å kasta.. Grunn? Makketen.. Makan! Faktisk så er det to like stolar, med ein aldeles nydeleg farge på, litt makketne - men ikkje meir enn at det er sjarmerande. Dei kom ifrå barndomsheimen hennar.. Eg fekk ikkje dei heller..

Så no står dei utanfor huset hennar (som heng fast i mitt, vertikaldelt, jippi), og der kjem dei vel til å stå, til dei blir borne i kjellaren..

Men kansje ein vakker dag?


Her er ein av dei mange graveplassane til storeguten min.. Han driv visst eit vell av gardsbruk i sin eigen verden full av leik.. Her har han og sådd seg litt gras, møka litt, og styrt på.

Når dei to små veks til, så blir det vel ikkje mindre slike områder, kan eg tenkja meg..

På hagen vår, er det kome to små flaskelam me kosar oss med, både lammene og kjøkkenhagen får eg koma tilbake til i eit anna innlegg.

Lille Prinsesse har byrja litt i barnehagen, og sovnar no dagleg på sofaen når ho kjem heim. Det er ikkje lett å vera liten.. Eg synst det blir litt stusseleg her heime utan henne, men ho hadde bruk for litt jamnstore leikekameratar no.. Ho kosar seg, og det er det viktegaste.. (Forøvrig bør ein vel vere litt obs når toogeithalvtåringen går rundt og klagar over vonde kne og trøytt rygg. Den treng kansje eit pittelite miljøskifte? (Viser til nabo vegg i vegg))

Ha ei fortsatt fin fin veke!! I sola!!

1 kommentar:

mali-mo sa...

Vet du, jeg liker så godt denne bloggen din! Syns du skriver så fint, lunt og humoristisk, er så koselig å lese om deg og dine.

Tusen takk for koelig lykke-til hilsen før eksamenen min. Kom hjem igjen fra Oslo seint igår kveld, lettet og fornøyd. Tror denne gikk veldig bra, og det er jo litt godt å føle at man lykkes. Får håpe resultatene kommer fort!

Kjempefin krakk og stol du (nesten) fikk deg...du, det kan jo hende hun snur på flisa igjen så de blir dine likevel? Når hun kommer på hvorfor hun ikke ville ha dem? Det er litt morsomt det der, noen folk vil ha bare det andre vil ha, uansett hva det er nesten. Litt sånn "bedre enn naboen på en måte" hehe.

Hvor gammel er barnehagejenten din da? Lillegull skal begynne i august-og jeg gruer meg som en gal...hun er 1 1/2 nå. Huff, tiden med henne har gått altfor fort!