tirsdag 11. mars 2008

Vipa er komen!


No VEIT eg våren er på veg! For no er vipa komen.. Om du ikkje veit det, så er vipa ein ganske stor, svart trekkfugl, som legg egg på bakken. På hovudet har den ein "stjert" som det er lett å kjenna den på. Eg innbiller meg at det er ein slags hønsefugl, på linje med fasan og perlehøns og slikt. Om det er veldig mange av dei, så er det pittelitt risikabelt å bevega seg utomhus, iallefall i nærleiken av dei. Finn dei ut av det, er dei litt hissige.. Dei har og ein lei tendens til å setja seg ned og STIRRA på folk. Det er litt skummelt det og..
Men for all del. Med vipa kjem våren, og dei er hjarteleg velkomne begge to:)
Måtte setja inn bilde av ein veggstake eg fekk av storesystera mi for mange år sidan..
Eg er like glad i den endå, som når eg fekk den. Den har vore med meg eindel år no, og sikkert både sett og høyrt litt av kvart.. Er den ikkje fin?
Eg hugsar dei fyrste "ordentlege" tinga eg fekk, som ikkje var sånn typisk barne eller tidleg ungdoms ting.. Det var nok på den tida då koboltblå var veldig "in" i tida..
Det eine var ein vase, med ei lita hank på. Den hadde eg i fleire år, og på eit par tre flyttelass, heilt til den datt ut av eit vindauge og følgelig vart knust..
Den andre tingen var ein stor blå tekopp, ein sånn svær ein.Eg meiner eg fekk den av den nest eldste systera mi. (Eg er minst) Den brukte eg masse før eg flytta heimeifrå, men den av ein eller annan grunn vart den ikkje med meg når eg flytta ut. Eg trur kansje mor har tatt vare på den, men det veit eg ikkje sikkert..
Uansett så er det rart korleis ei forandrar seg gjennom livet. Eg har hatt både burgunderraud og mørkegrøn stove. Eg har flytta inn i hus utan å hatt behov for å gjera nokon verdens ting, fordi eg ikkje har hatt noko smak.. Eller stil om du vil..
Eg veit ikkje om eg har det endå heller. Eg er vel familiens sorte får der ja.. Systrene mine, har det så fint og gjennomført og ordentleg. Eg er den rotete. Men på den andre sida, så har eg seks andre å hjelpa meg å rota og då.. Eg får trøsta meg med det..
Men eigentleg var det våren som opptok meg no, og som me ventar på.. Eg og to-åringen filosoferar på korleis det blir, når me kan springa ut utan sko, og jakka, og vetlo skal slutta med bleia, og babygutane skal krabba ute i graset.. Vel, det var vel meir sommartankar eigentleg.. Men den kjem vel ein gong den og... Får me tru?

1 kommentar:

Noralill sa...

God kveld i stova! takkar for komplimanget...ser du gledar deg til våren, ja den er vel her no...er berre vel 14 dagar til me snur klokka til sommartid! Og DÅ er det viktig å byrje nyte dagane...eller eg har vel ikkje tid...med ny jobb og mann som skal stelle heime (obs!han les ikkje dette...)Men håpar eg kan sjå vårsola gjennom alle bøkene...snakkast, klem