onsdag 5. mars 2008


Her er ein bukett tulipanar til dykk to som har lagt att kommentar til meg!! Tusen takk for det:) Skal tru om det er fleire som oppdagar meg etter kvart? Desse blomane har gleda meg i ei veke faktisk! Utruleg kva for ein KVALITET dei har på rimi!! Guten min på ni har fortalt meg at dei antageleg vis er plukka om natta, for dei blomane som er det, dei varar nemleg mykje lenger.. Det har han nemleg sett på ein film, og då er det vel sånn, sant vel?
Det er det nok..
No har klokka gått aldeles ifrå meg, så no må eg ha vatn på tåteflasker, så det er klart til å hella pulver på om gutane vaknar før det er morgon.. (Ja fy skam, ammar ikkje, prøv sjølv med ein på kvar pupp, og ein to-åring på ryggen..) Dagens emosjonelle utbrot. I morgon skal me på 5 mnd's kontroll, med sprøyte.. Godt pappen deirans og kan vera med. Godt for gutane å bli trøsta på kvart sitt fang.. Hej då!!

Ingen kommentarer: