lørdag 9. juni 2012

Attende?

Kan hende finn eg inspirasjon til å byrja att.. Funderingar og finurlegheiter med meg sjølv, og deg kan hende. Sommaren er lang, dagen er ung, og nettene er ljose. Det lovar vel godt?

fredag 13. januar 2012


Nyttår er overstått, og me står alle klare med blanke ark.
Klare til å teikna nye sider, av det som er kalla livet..
Det er lett å tenkja nytt no, når alt er så kvitt og stille rundt oss.
Kan hende er det sant, at fyrverkeriet skremmer vekk alle vonde ånder - slik at hjarta og sinnet får ro - og tid - til ettertanke?


Eg likar på eit vis denne tida av året, kjenna på kreftene rundt meg.
Hugsa på at i alt det store og ville,  så er eg liten..
Berre eit lite menneske, det er godt å vera det.
Likevel så er eg alt, for nokon - mykje, for mange - litt, for endå fleire.
Og det er me vel alle..


For året me akkurat har byrja på, har eg ikkje gjort meg så mange tankar.
Milepælane i familien min, er det ein del av, slik det var i året som gjekk..
Om ein månad har eg fått to tenåringar i hus,
det blir nok eit år prega av endring.
Sjølv er eg byrja å lure på kva eg eigentleg vil med livet mitt?
Å få vera mamma er fyrste prioritet for meg, men eg trur eg må bli litt flinkare til å hugse på at det ikkje er den einaste rolla eg har..
Kan hende har eg lyst å prøve noko heilt nytt?


Nokon gonger er det slik, at vegen er målet..
Men det veit ein jo i bunn og grunn, ikkje om før vegen er slutt?
Og det kjennes jo litt formålslaust ut?
Kanskje er det slik eg må tenkja i det nye året, at alt eg gjer - eigentleg er ein del av - nettopp målet!

Godt nytt år, og god helg!

onsdag 9. november 2011

Trist..

Denne sommaren har vore usedvanlig kort, ekstra våt - og mest trist.
Så vandra me inn i hausten, som har vore uvanleg lang - og trist.
Trist for bestemora mi døydde.
Visst var ho gammal og sjuk. Det var ikkje uventa - men trist likevel.
Kan hende mest trist for eg hadde så mykje å spyrje henne om, så uendeleg mykje eg skulle ha visst.
No er det for seint, så slik vart det..

Så har me krangla.
Me tre som ikkje skulle hatt noko verdens ting å krangla om.
Me som skal kunna snakka om alt, utan å dømma - utan å måtta gjera oss til.
Vera verken verre eller betre enn den andre.

Likevel - ord som vert sagt som kan kjennast alt for store til å viska vekk att.
Men er det ikkje berre ord?
Kjenslene kjenner me, og dei vert ikkje borte - vert dei?

Lat oss viska tristheiten bort, når alt vert kvitt er det vel ei tid å byrja med blanke ark?

fredag 12. august 2011

Uendeleg lenge..

Kan hende det er slik.
At det er dette du har venta på, eit lite teikn på eksistens.
Eller kanskje ikkje.
Du berre vinglar forbi - på leiting etter noko - eller berre for tidsfordriv.
Kan hende skrivelysta mi kjem att så smått, ilag med det litt kaldare draget som me kjenner i lufta alt..
Kan hende ikkje.
Me får sjå.
Klem!


onsdag 4. mai 2011

Det er heilt uforståeleg.
Det kjennes ikkje ut som om det er så lenge sidan eg sjølv var akkurat der..
Eg har fått ei skikkelig stor jente - ja mest ei lita dame.
Store fine jento mi er snart vaksen.
Det blir ikkje lett å sleppa taket - men det byrjar vel å nerma seg det, den tida.
Konfirmasjon, er heldigvis ikkje den milepelen, det ein gong var.
Ingen lyt pakka kofferten og sjå seg om etter huspost lenger..
Me er der, vaktar over dei, freistar pakka dei inn i bomull.
Beskytter og overbeskytter.
Stundom lurar eg på kva som eigentleg er det beste.
Freista å læra borna alt frå a til å - eller gje rom for å læra av eigne feil?
Sjølv om me har levd lenger, har me vel ikkje nødvendigvis levd betre, eller meir fornuftig?
Ein sender ikkje borna sine ut for å leika på utrygg is, men sjølv om det kan knasa under føtene deira - kan det jo berre vere ei pøyse?
Å krisemaksimera er kjempelett.

Eg håpar eg har gitt jenta mi mot og fornuft nok til å handtera ungdommens dårskap:)



fredag 22. april 2011

Hei

 Korleis har du det?
Ja, no er det jammen lenge sidan sist. Tenk påske er det blitt allereide..
Utruleg kor fort tida susar avgårde.
Ja, her er no alt med det gamle, ungane veks og trivs - storajento er nett fyllt femten, og spreiar rundt seg heftige truslar om at ho skal på dans syttande mai, for DÅ er ho konfirmert, og DÅ har ho lov, for då er ho VAKSEN NEMLEG!
Eg berre smiler og seier at eg skal og på dans..
Då får eg kjeft - men det er no blitt ein vane.

Storebror tykkjer han er stor nok til å køyre traktor - det tykkjer ikkje eg, og då får han jo ikkje lov til det - og sånn går no dagane:)

Dei tre små auser framleis av seg med endelaus kjærleik til mor - og far - og sysken..
I heftige skifter.
Mellom total elskelegheit - og trassalder av ein anna verden..
Eg har det for tida verkeleg i alle fasar, men berre eg får vera heilt i fred innimellom, og berre kjenne litt på stilla, så bles vel dette forbi og, sant vel?
Det å vera til stades i sitt eiga liv, er ikkje alltid lett.
Nokon dagar kjenner eg at eg har delt ut så mykje av meg sjølv, at eg nesten ikkje kan pusta, men når det berre blir ro rundt meg, så kjennes det likevel godt på eit vis?

Eg har vore mamma så lenge, at eg ikkje lenger kjenner den som var der før.
Den eg ein gong var.
Trur heller ikkje eg saknar den, men kan hende det hadde vore sunt å hugsa?
Kanskje hadde ho noko verdifullt eg kunne ha nytta - slik eg er no?


Vel uansett - våren er vel eigentleg ikkje tida for ettertanke - men for ny vekst.
Vekst og skifter - og sol og varme!
Me har mangt å driva med i vårsola, men me får prøva at ikkje det blir like lenge til neste gong:)
I mellomtida må du kosa deg!

tirsdag 1. mars 2011

Nokon gonger må ein berre - rydde, med variert musikk på øyrene - og syngje med -
gjerne høgt og falskt - med "lureengelsk" som er berre nesten rett..

Nokon gonger må ein berre - drikke kaffi - med sukker, altformykje sukker og mjølk -
berre for at det får ein til å tenkja på besto si - som ein hadde ein gong -
men som er borte.
Men som likevel lever med meg.

Andre gonger må ein berre nyta.
Venda ansiktet mot sola - trekkja pusten.
Snart vaknar våren..