lørdag 18. oktober 2008

No då..


Eit bittelite livsteikn, på ein veldig stille blogg..
Forklaring?
Haustfest.
Haustfest i 4H, der 10 månaders flittigt arbeid av små og store ungar skal ferdigstillast, presenterast og ikkje minst belønnast..
Småingane i klubben, har øvd inn sin eigen "kardemommeby" forestilling i mange veker, og storingane i klubben har øvd sketsjar, song og dans..
Eg har hatt vaksenrolla i detta, møtt på øvingar, piska og skrytt.
Eg sat med stor klump i halsen og var kjempekry over kvar og ein.
Dei klarte seg superdupert alle som ein.
På tross av skjelvne kne og sommarfuglar i magen..
No skal mor sjølv hyva ungar i seng, og sjå fram til sundagen, som blir roleg og fin:)
I mellomtida - forglemmegei!

3 kommentarer:

Rosa sa...

Så flinke - både store som hjelper, piskar og trøystar. Og små som presterer. Og i mellomtida ventar med på nye livsteikn :)

God laurdagskveld til deg og dine!

mali-mo sa...

Forglemmer-deg-ei, vet du ;)

Sikkert kjekt for store og små kan eg tenke meg. rart det der, etter at eg fikk lillemalien så får eg tårer i øynene og klump i halsen bare av å LESE om unger som øver og skal være flinke på en forestilling;) Godt å høre at det gikk bra med alle! God søndagsro!!!

Marie sa...

Eg gløymer deg iallefall ikkje :)
Eg har hatt det veldig travelt sjølv i det siste, så eg har ikkje vore så aktiv som eg pleier heller. Bloggen skal jo vere til kos og ikkje eit prestasjonskrav. Me får lage innlegg når me har tid til det.

Ønskjer deg ein fin søndag :)